Om oss

I 2022 feirar Velværetunet 20 år. Me har jobba målretta for å koma der me er i dag; ein anerkjend og populær klinikk. Me står saman for å yta det beste for deg som kunde og gje deg eit etterlengta friminutt i kvardagen. Nedanfor kan du lesa litt om oss, og om historia til Velværetunet.

Anne Britt Ottesen

 

Anne Britt Ottesen

Eg er utdanna hud- og kroppsterapeut med 20 års erfaring innan yrket. Eg er også utdanna  i Aromaterapi og klassisk massasje.I løpet av det siste året har eg fått Internasjonal ITEC- sertifisering på Laser/IPL.

Eg har elles undervist/veileda i kosthald og ernæring i 20 år, og har jobba med makeup i 41 år. Innan makeup synest eg det er spennande å leika med fargar og ulike teknikkar, og eg har diplom på brudemakeup – alt frå sommarbrud, klassisk til ei meir rocka brud.

Eg har alltid hatt ein genuin interesse for kva som påverkar huda og kroppen vår, levesett, kost, dagleg stell og ingrediensar i produkt.

Judit Kiss. Timebest tlf; 40082416

Utdanna lege ved Semmelweis Universitetet i Budapest, Ungarn og har gjennomgått spesialist utdanning i hud- og veneriske sjukdommar. 2008 fekk eg PhD grad , doktoravhandlingens hovedfokus er malignt melanom.

Frå 2011-2016 har eg jobba som hudlege ved Haugesund Sanitetsforening Revmatismesjukehus AS.

Frå 2016 har eg jobba med screencanser og analyserer dermatoskopiske bilder av føflekker og hudkreft.

Frå 2017 har eg jobba som privat hudlege ved Haugesund Medisinske Senter og på Velværetunet.

Judit Kiss er På Velværetunet nokre dagar i månaden

Timebestilling: 400 82 416

 
 

Dette er Velværetunet

Spa og hudpleie

Velværetunet spa og behandlingssenter starta i 2002 som eit lite enkeltpersons-føretak i eit tilbygg på 30 rutemeter. I dag har me ein stor og trufast kundekrets, og me er stolte over å kunna tilby velvære, spa og hudpleie i dei lyse og romslege lokala våre som no er på heile 140 kvadrat. Her finn du både spa, sauna, massasjebad, fire behandlingsrom, kurslokale og stort resepsjonsområde med salgsavdeling.

Bort frå stress og mas

Velveretunet ligg midt i eit triveleg, eldre byggefelt like utenfor Leirvik sentrum på Stord. Her er stille og fredelege omgjevnader, og du som besøkjer oss kan parkera like utanfor døra. Me ynskjer å vera ein stad fri for stress og mas: Ein stad der du kan senka skuldrene og vera trygg på at du får gode og effektive behandlingar og rettleiing.

Førsteval på hudpleie

Visjonen vår er at Velværetunet skal vera førstevalet på hudpleie og velvære deg som søkjer trygge og gode behandlingar med resultat, som ønsker fagleg rettleiing for betre eigenpleie, og som set pris på eit friminutt i kvardagen. Me er her for deg, og me gler oss til å ta imot deg!