Personvern & cookies

Me bryr oss om personvernet ditt. Her gjer me greie for korleis me bruker informasjonskapslar på nettstaden vår, og om korleis me samlar inn og handterer opplysningar som er nødvendige for samhandling mellom kunden og Velværetunet. Klikk på punkta nedanfor dersom du vil vita mer om dette.

 
  • Namn på føretaket: Velværetunet AS

    Dagleg leiar: Anne Britt Ottesen

    Adresse: Heio 7b, 5411 Stord

    Telefonnummer: 404 02 470

    E-post: post@velveretunet.no

    Organisasjonsnummer: 915262856

  • Informasjonskapslar, også kalt cookies, er små tekstfiler som blir plassert i nettlesaren du nyttar.

    Cookies kan nyttast for forbetra funkjsonalitet og/eller til analyse og marknadsføring. På denne sida skil me mellom cookies me sjølv nyttar og cookies frå tredjepartar.

    COOKIES FRÅ TREDJEPARTAR: På sida vår kan du bestilla time via leverandøren av bookingsystemet vårt, EG Hano. Dei nyttar berre naudsynte cookies på sin nettstad.

    COOKIES ME SJØLV NYTTAR:

    • Cookies for funksjonalitet: Dette er cookies som er naudsynte for drift av sida, og er gitt av publiseringsplattforma Squarespace, som me nyttar for nettstaden vår. Desse kan ikkje veljast bort.

    • Cookies for analyse: Me nyttar Squarespace Analytics til å analysera bruken av nettstaden. Dette gir oss verdifull informasjon om korleis sida vår blir brukt, men ingen sporbare personopplysningar.

    • Cookies for marknadsføring: Me nyttar ikkje cookies til marknadsføring.

    • Oversikt over cookies me sjølv nyttar: Cookies sett av Squarespace kan sjåast her.

    BLOKKERING AV INFORMASJONSKAPSLAR: På generelt grunnlag minner me om at du kan du blokkera og/eller tillata cookies gjennom innstillingane dine i nettlesaren. Les meir om korleis du kan gjera dette på nettvett.no.

  • Me sel aldri vidare personopplysningar, og deler dei aldri med tredjepartar.

    Me tek ikkje inn andre personopplysningar på denne nettstaden enn:

    • OPPLYSNINGAR DU EVENTUELT LEGG IGJEN I KONTAKTSKJEMAET: Desse opplysningane lagrar me i vårt system for å kunna oppretta ein korrespondanse med deg slik at me kan hjelpa deg med det du etterspør. Me ber om at du ikkje oppgir sensitiv informasjon i kontaktskjemaet, då dette er opplysningar som vert sendt via e-post over Squarespace sine serverar. E-post vert sendt ukryptert og er difor ikkje eigna til sending av fortrulege eller sensitive opplysningar. Squarespace har serverar i USA. Som kunde hos Squarespace har me databehandlarhavtale med dei. Squarespace er forplikta til å handsama personopplysningar motteke frå EØS på ein måte som møter EU-kommisjonen sine standardkontraktsklausular. Du kan lesa meir her.

    • OPPLYSNINGAR DU EVENTUELT LEGG IGJEN I BOOKINGSYSTEMET: Dersom du bestiller time eller gåvekort hos oss, blir opplysningane dine lagt inn i bookingsystemet vårt, levert av EG HANO AS, som står for lagringa av desse.

  • Dagleg leiar i føretaket, Anne Britt Ottesen, er ansvarleg for handteringa av personopplysningane me samlar inn i samband med nettsida vår. Me gjer det me kan for å følgja reglane som gjeld til ei kvar tid.

  • Regelverket gir deg rett til innsyn, retting og sletting av personopplysningene me har lagra om deg. Kontakt dagleg leiar dersom du ønsker dette eller dersom du har spørsmål.